Monday, December 26, 2005

Jul i Bolivia

No e det andre juledag her i Bolivia (og sikkert i resten av verden og) og eg har rukke og reflektert litt over jula som nettopp har passert. Jul er ganske lik her som heime...dvs at dei et god mat og faar presanger...men ganske forskjellig og. For eksempel:

1. Maten. Vi spiste and istedenfor nokke anna. Anda var ganske toerr, men god likevel, men eg var ikkje saerlig sulten. Julekaker finst ikkje, bortsettfra dei eg lagde. Heller ikkje riskrem. Sukk.

2. Tid. Julaften starter klokka 12 om natta. Daa stod vi forann ei krybbe med fem stygge beibijesuser og sa ting paa spansk. Eg sa ikkje saa mykje. Saa opna vi litt presanger og spiste etterpaa. Det var litt seint synes eg, for eg hadde ikkje spist heile dagen. Men saa var eg ikkje sulten heller.

3. Stemning. Mykje av julestemninga mangla, men eg trur det var mest paa grunn av mangelen paa sno, julekaker og familien min. Det var kjekt aa se korleis jula er her i Bolivia, men eg meiner fremdeles at jul er best heime.

Tidlig paa dagen var eg og besokte ungane paa prosjektet mitt og gav dei kaka som eg hadde lagt. Det var koselig og kjekt og dei var veldig glade for aa faa kake. Eg tenkte etterpaa at kake med masse krem og sjokolade kansje ikkje var den beste ideen til 16 unga som for det meste er under tre aar. Men dei var glade:) Dei fikk litt julepresanger av nokken folk, men heile koseligheten med jula var fraverande siden dei maatte staa i ko for aa faa ting og dei var ikkje pakka inn. Det blir nokke anna naar du gaar heile dagen og ser paa pakkane som ligg under juletreet, og berre venter paa aa faa opne dei.

Etter at vi hadde spist, altsaa klokka halv 2 om natta, tok eg ein taxi til leiligheten til Emilie og Birte for aa feire jul med folk der. Her fikk eg pakker og, og leiligheten var kjempekoselig med julepynt og lys og juletre. Saa drakk v champagne og opnet pakker. Vi var: meg, Em, Birte, Michael, Fanny, Eva og Annika. Dette var langt mer koselig enn i huset med familien, og Em hadde lagt riskrem:) Eg fikk:

1. Genser, fra vertsfamilien.
2. Solbriller (saanne som politimenn bruke i gamle filma) og armbaand, Em og Birte.
3. Blaanissehue og bodyshopting, Michael
4. Smykkeannheng, Kim
5. Oredobber, Fanny
6. Penn som ligne paa ein papegoye, Annika og Lucy
7. Morsomme figura til aa henga i bilen naar du raane, kan ikkje beskrivast med ord, Eva

Naar klokka var ca 5 gjekk vi aa la oss. Siden klokka va ca 5 overnatta alle. Eg va sjuk og hadde feber, og vaakna tidlig dagen etterpaa. Siden eg va sjuk og det va veldig synd i meg, lagde Em ei seng til meg i stova og saa spiste vi frokost som bestod av julemiddagen fraa dagen foer og riskrem. Det var fryktelig koselig og vi hoerte paa musikk og leikte med tingene vi hadde faatt. Saa gjekk vi aa la oss igjen og sov meir eller midre heile dagen, foer eg reiste heim.

Eg e godt fornoyd med jula:)

0 Comments:

Post a Comment

Subscribe to Post Comments [Atom]

<< Home